Områdereguleringsplan Ytre Øyrane
Fortetting i eksisterande næringsområde.
Fortetting i eksisterande næringsområde.
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALPå oppdrag frå Førde kommune og Ankerløkken Eigedom AS har Nordplan utarbeida eit forslag til områdeplan for utvikling av eit eksisterande næringsområde.
Føremålet med planen er å leggje til rette for ei fortetting med vidareføring av eksisterande aktivitetar i område, med føresegner som legg føringar på nyetableringar og framtidig utviklingspotensiale.
Det vart gjennomført ei konsekvensvurdering av eit større utfyllingsareal i sjø. Planen synleggjer ei målsetjing om ein langsiktig transformeringsprosess til ein næringspark der ein ikkje ønskjer nyetableringar som fører med seg særlege ulemper som støy og forureining.
Oppdraget har bestått i prosjektleiing inkludert møtegjennomføring, og utarbeiding av plandokument med planprogram, fortettingsstudie, planskildring, føresegner, konsekvensutgreiing og plankart.