Omsorgsbustader Hardbakke
Tryggleik og fellesskap er stikkord for dei nye omsorgsbustadane på Hardbakke som er planlagt i nær tilknyting til Solundheimen. Her vert det bygd 7 nye omsorgsbustader og 2 kortidsleilegheiter.
Tryggleik og fellesskap er stikkord for dei nye omsorgsbustadane på Hardbakke som er planlagt i nær tilknyting til Solundheimen. Her vert det bygd 7 nye omsorgsbustader og 2 kortidsleilegheiter.
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALOmsorgsbustadane på Hardbakke er planlagt like nord for Solundheimen i Solund kommune. Bustadane er organisert i to bygg sett vinkelrett på kvarandre, med ein stor felles uteterrasse mot sør. Bustadane er knytt saman med overdekte tak som inngangssone (svalgang), med privat terrasse eller balkong på motsett side.
Det er planlagt 7 sjølvstendige omsorgsbustader på omlag 55 m2 BRA og 2 mindre korttidsleilegheiter. I underetasje under bygg 2 ligg tekniske rom, boder til omsorgsbustadane, lager og garasje. Prosjektet omfattar ny tilkomstveg og parkeringsplass med uteområde.
Prosjektet har tilnærma passivhus-standard. Det er lagt vekt på ei tiltalande og rein arkitektonisk utforming som harmonerer med bygningane ved Solundheimen, bl.a med pussa fasadeplater og innslag av trekledning. Det er lagt vekt på gode utvendige fellesareal og opparbeiding av hageareal som er lettstelt, men som har eit grønt mangfald som gir trivsel for bebuarane.