Ørskog Skule

Ørskog skule er ein totrinns barne- og ungdomsskule som også inneheld SFO, kulturskule og voksenopplæring. Skulen er bygd saman med svømmehallen, og ligg tett attmed allereie etablert idrettshall og utandørs fotballbaner. Prosjektet har høge krav til generalitet og fleksibilitet. Det er lagt vekt på at skulen skal vere robust og ha gode prinsipp for universell utforming.

Bygningskroppen er sett saman av eit hovedvolum og tre trinnvolum; småskuletrinnet, mellomskuletrinnet og ungdomsskuletrinnet. Plasseringa samt dei utstikkande “fingervoluma” skapar ein romleg variasjon i uteområda og gir naturlege nærområde til elevane og vaksenopplæringa. Uteareala ligg vest- og sørvendt og har god tilgang til variert terreng med tanke på topografi, vegetasjon og utsikt.

Uteareala er tilrettelagde for aktivitetar som gir rom for kreativitet, samhandling, fysisk utfolding, meistring og trening av grov- og finmotorikk.  Her er stille soner og område som inviterar til høg aktivitet – her kan dei sjølve organisere seg, men her er også areal som kan nyttast i den praktiske undervisninga.

Prosjektet er utforma som totalentreprise i samarbeid med Veidekke AS. Nordplan har utforma uteareala, og saman med arkitekt Oddvar Ekroll har vi hatt ansvar for arkitektur og interiør.

Prosjektet har mellom anna vorte presentert i fagtidsskriftet Byggeindustrien nr. 13/2018, les omtalen av prosjektet og sjå fleire bileter i lenka under.

Les Byggeindustrien si omtale av prosjektet her - bygg.no 

Foto uteområde ferdigstiltFoto uteområde ferdigstiltFoto uteområde ferdigstiltFoto uteområde ferdigstiltFoto ferdigstilt interiørFoto ferdigstilt interiørFoto ferdigstilt interiørFoto uteområde ferdigstiltFoto uteområde ferdigstiltIllustrasjon, sørUteområdeFoto ferdigstilt interiørIllustrasjon, interiørSituasjonsplanFasader
Byggherre: Ørskog kommune
Oppdrag: Konkurranseforslag for arkitektur og landskapsarkitektur i i totalentreprise med Veidekke AS, deretter detaljprosjektering og SØK
Fagområde: Arkitektur og landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 16073
Stad: Sjøholt
Areal: 4037m2 BTA - 6.400m2 areal
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER