Parkhjørnet
Ny høgteknologisk sterilforsyning ved Haukeland Sjukehus
Ny høgteknologisk sterilforsyning ved Haukeland Sjukehus
Lars Etterdal
Fagansvarleg BrannParkhjørnet ligg sentralt på Haukeland Sjukehus og byggjast som eit frittståande bygg mellom Gamle Hovedbygg, Sentralblokken og Jonas Lies vei. Det vert ei høgteknologisk sterilforsyning med nybrotsarbeid innan automatisering av vaske- og sterilfunksjonar, med tilhøyrande fullautomatisk lager.
Arkitekturen er utvikla med ein ambisjon om å gje Parkhjørnet eit moderne, enkelt og nøytralt uttrykk, som underordnar seg karakteristiske nabobygg samtidig som det har ein eigenkarakter. Vi ynskjer vi å syne fram aktiviteten og flyten i bygget – robotiserte funksjonar og det komplekse systemet som skjuler seg i kulissane på eit sjukehus - til forbipasserande på dette travle hjørnet på Haukeland. Vi har difor velt ei fasade med tre ulike variantar av glas med ulik grad av transparens. Dette vil gje bygget eit skiftande uttrykk, og reflektere stadig endra lystilhøve både inne og ute – gjennom døgnet og årstidene.