Regional handelsføresegn

Regional handelføresegn legg rammer for nytt bruksareal for handel i Sogn og Fjordane. Nordplan har vore engasjert av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samband med rullering av delar av Fylkesdelplan for arealbruk i Sogn og Fjordane, tilknytt arbeid med handelsføresegn for fylket. Nordplan har i eit nært samarbeid med Fylkeskommunen vore ein aktiv bidragsytar i arbeidet med kunnskapsgrunnlag og vurdering av endringar i gjeldande handelsføresegn. I tillegg har vi hatt ansvar for utarbeiding av konsekvensutgreiing av føresegna, og vore involvert i medverknadsarbeid. 

Handelsføresegna underbygger målet om kompakte sentrum og redusert byspreiing ved at all handel skal skje innanfor ei vedteken sentrumsavgrensing. Forslaget til ny handelsføresegn opnar ikkje for handel utanfor tettstadar, noko som er ulikt gjeldande føresegn. Ved å lokalisere all handel i sentrum, eller i direkte tilknyting, som for plasskrevjande handelsvarer, styrkar ein utviklinga i sentrum og unngår konkurranse frå satellittar utanfor sentrumsområde. 

I ny føresegn er det lagt vekt på å nytte omgrep som ikkje gir rom for skjønn knytt til lokalisering av plasskrevjande handel, slik at ein unngår å utarme sentrum. Regionsenter og "bustad-, arbeid- og servicesenter" (BAS-senter) har fått ei særskilt rolle i føresegna ved å ikkje ha arealrestriksjon for handelsetablering, så lenge etableringane ligg innanfor sentrumsavgrensinga. Dette styrkar desse sentera og gjer dei mindre utsett for handelslekkasje frå andre fylker og gir samtidig omlandet attraktive tettstadar for eit samlande handel- og tenestetilbod. 

EidsgataBustad-, arbeid- og servicesenter (BAS-senter) i fylket er markert i kartFolkeliv sommar handlegate

Byggherre: Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Oppdrag: Regional handelsføresegn
Fagområde: Regional planlegging, konsekvensutgreiing
Prosjektnr.: 19021
Stad: Sogn og Fjordane fylke
År: 2019

RELATERTE PROSJEKTER