Reg.plan Fv 60 Blindheim - Flisnes

Planforslaget for fylkesveg 60, strekninga Blindheim-Flisnes, er først og fremst initiert som eit trafikktryggings- og miljøtiltak. Hovudformålet med planen er sanering av kryss, tilrettelegging for gåande og syklande og kollektivtrafikk.

Det er regulert rundkøyring ved Blindheimshallen, og midtdeler langs fylkesvegen. Dermed blir fleire farlege kryss regulert bort. Dette gjeld kryss mot nord ved Blindheimshallen og det firearma krysset i Puskhola. I tillegg til kryss Eikenosen og Hjelldalen, som er vedtatt stengt i andre reguleringsplanar.Nytt sidevegsystem blir etablert mot sør, med ny parsell av Ramsvikvegen. Mot nord blir Puskholevegen utvida til to køyrefelt med fortau og tosidig sykkelfelt.

Planen medfører ei betydeleg heving av framkomst og trafikktryggleik langs fylkesveg, og på tilstøytande sidevegsystem.



Illustrasjon nye vegarPrinsippsnitt: nye Ramsvikvegen med fortau, situasjon før kryssing av Byteelva. Prinsippsnitt

Nye undergangar ved Blindheimshallen og Puskhola, fortau langs Ramsvikvegen og Puskholevegen, og ny gang- og sykkelveg på nordsida av fylkesvegen på strekninga Nyledbakken-Flisnes, bidreg til å gi område vesentleg tryggare forhold for mjuke trafikantar.

Planen gir også grunnlag for auka kollektivbruk i området ved at det er regulert busstrasé mot Myrland, og nye busslommer ved Hatlehol kyrkje.

Støyskjermingstiltak langs fylkesvegen vil gi betre bu- og opphaldsmiljø i tilgrensande område. Nytt vegsystem med støytiltak vil opne for utbygging av nye bustadareal i Blindheimslia.

Byggherre: Statens Vegvesen
Oppdrag: Planforslag
Prosjektnr.: 13088
Stad: Ålesund
År: 2013-2014

RELATERTE PROSJEKTER