Reguleringsplan og 3D-skisser Kjøsnesfjorden

Som følgje av utbygging av fleire tunellar langs Kjøsnesfjorden ønskjer Jølster kommune å gjere det vakre landskapet tilgjengelig for både lokalbefolkning og turistar. Brua over Kjøsnesfjorden er bygd på fylling i sjø og har gjennomstrøyming berre ein stad under brua. Nordplan har utarbeida skisser for mogleg utforming av brua, samt utarbeida reguleringsplan for området. 

I planarbeidet er det lagt til rette for rasteplass med båthamn, servicebygg, grøntområde og snuplass for buss. I både skissefase og planarbeid er det lagt særskilt vekt på gode løysingar for landskapsutforming, fisken sine leveforhold, og å gjere kulturminner og kulturmiljøet i området tilgjengeleg. Planen legg til rette for fleire opningar under brua for å skape meir gjennomstrøyming mellom dei to vatna. Nordplan har utarbeida 3D-illustrasjonar av mogeleg utforming av tiltaket for å syne fjernverknad for kulturminna i området.   

3D-illustrasjon frå Sunde3D-illustrasjon frå gravhaug ved KjøsnesReguleringsplankart3D-illustrasjon frå kulturminne Nausthøgodden3D-illustrasjon oversiktsbilde3D-illustrasjon gangsti mot gravhaug
Byggherre: Jølster kommune
Oppdrag: Skisser og detaljregulering
Fagområde: Arealplanlegging og 3D-illustrasjon
Prosjektnr.: 17129
Stad: Jølster kommune
Areal: 112 daa
År: 2017-2018

RELATERTE PROSJEKTER