Reguleringsplan Sjøholt sentrum

Reguleringsplanen legg til rette for ei klimavennleg utvikling av Sjøholt, og vektlegg grøn mobilitet som t.d. gang og sykkelnettverk, fortetting, handtering av naturrisiko som flaum og skred, flodbølgjeoppskyljing, og arbeid med overflatevatn/bekkeopning. Planforslaget er basert på kommunens tettstadsprosjekt med brei medverknad, publisert i rapporten Norske arkitekters landsforbund Nr. 505, Parallelloppdrag «Sjøholt: Frå tettstad til fjordlandsbyen i nye Ålesund kommune».

Nordplan har utarbeidd konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse (generell del), trafikkanalyse og konsekvensutgreiing for trafikk, samt produksjon av plankartet. 

Byggherre: Ørskog kommune
Oppdrag: Reguleringsplan med KU og trafikkanalyse
Fagområde: Plan
Prosjektnr.: 19115
Stad: Sjøholt, Ørskog kommune
Areal: 480 daa
År: 2019

RELATERTE PROSJEKTER