Romsdalsgondolen
Pendelbane frå hamna i sentrum av Åndalsnes til starten av Romsdalsegga, «byfjellet» Nesaksla 705 m.o.h.
Pendelbane frå hamna i sentrum av Åndalsnes til starten av Romsdalsegga, «byfjellet» Nesaksla 705 m.o.h.
Oddvin Myklebust
Ingeniør, Bygg og konstruksjonPendelbane frå hamna i sentrum av Åndalsnes til «Byfjellet» Nesaksla 705 m.o.h. Prosjektet består av botnstasjon ved fjorden, toppstasjon og eigen restaurantbygning på fjellet, samt mastepunkt oppe i fjellsida. Føresetnad for godkjenning av prosjektet er at all utbygging på fjellet skal vere reverserbar med minimale terrenginngrep – dvs. etterlate seg minimale spor ved ei evt. demontering. Alle konstruksjonar er utført med direkte fundamentering tilpassa eksist fjellprofil. Fjellstasjon med skrudde fagverkskonstruksjonar i stål og restaurant med prefabrikerte rammer av limtre. Anlegget er bygt utan tilkomstveg. Infrastruktur, vatn, avløp og straum, er til ordna via eit 1300m langt pilothol inne i fjellet frå fjorden og opp. Arkitekt: Jensen & Skodvin. Fase 2 Sporstøl Arkitekter
Romsdalsgondolen vart kåra til årets anlegg 2022.
Romsdalsgondolen - årets anlegg - Nordplan.pdf