Sande skule og fleirbrukshall

Gaular barne- og ungdomsskule hadde behov for fleire klasse- og grupperom, samt ombygging/rehabilitering av eks. bygg. I tillegg skulle ein etterlengta fleirbrukshall plasserast i tilknytning til skulen.

Det opphavlege skisseutkastet som låg til grunn for totalentreprisen hadde utfordringar som gjorde at Nordplan sine arkitektar, saman med totalentreprenør Åsen & Øvrelid, foreslo nye løysingar for å få eit betre grep på tomta og logistikken i bygget. Ein har bygd vidare på strukturen til eksisterande skule, som er teikna av arkitekt Peder A. Ristesund i 1965.

Idrettsdelen er eit tilbygg lagt inn mot bakken i sør, med scene/klatrevegg, styrke- og spinningrom. Den gamle gymsalen er bygd om til auditorium og squashhall og dei gamle garderobene har blitt ny, fin kantine med store glasfelt ut mot gårdsplassen.

HovudinngangTilbygg skulefløyKantineTilbygg skulefløySituasjonsplanKlatring i Gaularhallen. Foto: Kristine FollandInngang idrettsdelTurn i Gaularhallen. Foto: Kristine FollandVolleyballspel
Byggherre: Gaular kommune
Oppdrag: Detaljprosjektering totalentreprise
Fagområde: Arkitektur, landskapsarkitektur, konstruksjon og brannteknikk
Prosjektnr.: 13010
Stad: Sande i Gaular
Areal: Skuledel 1840 m2 - Fleirbrukshall m.m. 2150 m2
År: 2015

RELATERTE PROSJEKTER