Sibelco Nordic AS, Energisparing i Industri
Sibelco-gruppen er et multinasjonalt konsern med meir enn 200 produksjonsstader over heile verden og med et team på rundt 10.000 tilsette i 42 land. Konsernet leverer eit bredt spekter av industrimineral til spesialformål. I Norge har Sibelco produksjon på Åheim, Stjernøya, Spone og Fossbekk. Sibelco-konsernet har høge miljøstandardar, og Avdelinga på Åheim tok først kontakt for å lage analyse her, i 2012. Vi fann fleire gode tiltak, og avdelinga valde å gå vidare ved å innføre Energiledelse med støtte frå Enova. Seinare gjekk alle avdelingar inn for Energiledelse.
Enøk-prosjektet ved Sibelco har vore svært vellykka, og Enova nyttar det som eksempel i denne artikkelen; Energiledelse ga store besparelser
Gjennom Energiledelse ved Åheim vart fleire tiltak kartlagd. Det vart montert omfattande energimåling for å dele forbruket etter bygg og produksjon. Ein innførte energiledelse og forankra det med sertifisering etter ISO 50001-standarden.
Det var avdekka godt potensiale ved sandtørka for Olivin, men det krevde god prosjektering for å lykkes. Ein henta difor Enova-støtte til kartlegging og prosjektering. Enøk-senteret har seinare stått for: - Leveranse av varmegjenvinning til sandtørke.
- Ombygging ventilasjon, med betre varmegjenvinning
- Generell støtte / dialog, for eksempel ved optimalisering av tørke, sekvensstyring av transportband, varmegjenvinning frå trykkluft, LED-lys o.a.
Gjennom arbeidet har ein funne fleire tiltak. I 2019 vart desse vurdert i ny analyse, som grunnlag for nye prosjekt.
i 2018-23 har vi vore involvert i varmegjenvinning og elektrifisering av sandtørke ved avdeling Stjernøya. Ved Åheim er vi involvert i elektrifisering av maskiner og køyretøy.
Enova om prosjektet: Energiledelse ga store besparelser Slik sparer Sibelco Åheim millioner med energiledelse