Skåthaugen

Planforslaget legg til rette for vidare utbygging av frittliggjande og konsentrert småhus, i eit etablert og attraktivt bustadområde på Skåthaugen i Ålesund kommune. Viktige grep i planen har vore å få på plass gode leikeområde og grøntdrag , og å ta vare på snarvegar til kringliggande bustadområde og utmarka. Tilkomsten til byggeområdet er utfordrande på grunn av bratt terreng, knapt areal og etablert busetnad. Det er utarbeidd forprosjekt for vegføringa som grunnlag for drøftingar med grunneigarar og kommunale styresmakter.


Oppdraget har bestått i prosjektleiing med gjennomføring av møter med grunneigarar, kommunen og utbyggar, utarbeiding av plandokument med planomtale, føresegner, plankart og illustrasjonsplan for tomter og bustader, og veg med lengde- og normalprofil.

ReguleringsplanIllustrasjonsplan Skåthaugen Nord
Byggherre: Planor Bolig as, avd. Ålesund
Oppdrag: Detaljregulering, med forprosjekt tilkomstveg
Fagområde: Plan- og infrastruktur
Prosjektnr.: 14122
Stad: Ålesund
Areal: ca 45 daa
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER