Skjåk barne- og ungdomsskule

På oppdrag for Skjåk kommune har Nordplan AS utarbeidd planar for utbygging av Skjåk ungdomskule. Målet med utbygginga er å samle barneskulane i Skjåk kommune og ungdomskulen i ein 1-10 skule. 

Nordplan AS er engasjert som totalrådgjevar for prosjektet, med under-rådgjevarar for vvs, elektro og akustikk. Oppdraget har i tillegg til utviding av skulebygningen omfatta vurdering av bruken av eksisterande ungdomskule, utbygging av uteanlegget, og etablering av varmesentral for skulen. Varmesentralen skal kunne utvidast for framtidig betjening av idrettshall, symjehall og rådhus. Bygningen er i ein etasje, med saltak i samsvar med krav i reguleringsplan. 

Utvendig kledning i beisa tre slik tradisjonen er i Skjåk. Skulen vert totalt 5000 m2 BTA etter utviding, herav 2300 m2 nybygg. Prosjektet vart detaljprosjektert for delte entrepriser i 2016.

SituasjonsplanFoto interiørFoto interiørFoto interiørFoto interiør
Byggherre: Skjåk kommune
Fagområde: Arkitektur, totalrådgjeving, landskap
Prosjektnr.: 15225
Stad: Skjåk
Areal: 5000
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER