Stadanalyse Skodje sentrum

Skodje ligg sentralt til i regionen, i eit vekstområde med aukande folketal. Utvikling av fleire bu-område er eit definert mål, samstundes som vern av jordbruk og kulturlandskap er viktig.  

I arbeidet med stadanalysa og moglegheitsstudiane er det lagt stor vekt på medverknadsprosessar; med opne folkemøte, idéverkstad, samt medverknadsmøter på skulane og med ungdomsrådet. Første del av stadanalysa har hatt historisk vinkling fram til dagens situasjon, medan andre del har fokus på visjonar og moglegheiter for å gjere Skodjebygda til eit attraktivt sentrum. Som til dømes tiltak for oppgradering og vitalisering av kjøpesenter-området, nye sentrumsnære bustader, leikeareal og aktivitetar for barn og unge, oppretting av torg og endra trafikkmønster og gangsamband m.m.

Det er i analysa skildra konkrete tiltak, og lista opp kva som bør vere strakstiltak, undervegs- eller langsiktige tiltak. Det er lagt vekt på å bevare identiteten til Skodjebygda.

Skodje sentrumNy gangveg til torgKonseptTorg og endret trafikkmønster
Byggherre: Skodje kommune
Oppdrag: Stadanalyse
Fagområde: Arealplanlegging
Prosjektnr.: 16248
Stad: Skodjebygda
År: 2017

RELATERTE PROSJEKTER