Stadutvikling Vadheim

I Vadheim har folketalet falle og viktige bedrifter har blitt avvikla dei siste åra. Høyanger kommune engasjerte Nordplan til å lage ein utomhusplan, som fyrste del av eit større arbeid med å snu trenden. Undervegs i prosessen vart det arrangert dialogmøte med både lokalt næringsliv og øvrige innbyggarar. Møta gav innblikk i dagens situasjon og ei brei vifte av nye idear og visjonar for Vadheim.

Oppgåva til Nordplan vart å sortere, fusjonere og supplere idéar og ynskjer for bygda og innarbeide desse i utomhusplanen. Planen tar stilling til køyre- og gangvegar i sentrum, tilgang til og frå fjorden for både personar og fartøy. Det vart definert areal for bevegelse og opphald. Vidare vart det lagt opp til ei generell standardheving med oppgradert belegg, belysning og grøne områder. Rapporten er samansett av ein analysedel, ein del som syner plan for dei ulike tiltaka og til slutt ei grovkalkyle. Nordplan har på bakgrunn av arbeidet utarbeidd reguleringsplan og anbudsgrunnlag for området. 

TiltaksplanFotomontasje aktivitet St. Helenas plassIllustrasjonsplan bedehuset og gamle skuleplassen Reguleringsplan Vadheim nordReguleringsplan Vadheim sentrum
Byggherre: Høyanger Kommune
Oppdrag: Konseptfase og forprosjekt. Detaljprosjektering og anbodsgrunnlag.
Fagområde: Stadutvikling, arkitektur, landskapsarkitektur, arealplanlegging
Prosjektnr.: 16215
Stad: Vadheim sentrum
År: 2016-2019

RELATERTE PROSJEKTER