Strandpromenade Meierikaia - Volsdalsvågen

Ålesund kommune har engasjert Nordplan som part i eit parallelloppdrag der oppgåva er å skissere ein gang- og sykkelveg mellom Volsdalsvågen og Meierikaia. Oppdraget er ei moglegheitsstudie med føremål å finne ei fleksibel og gjennomførbar løysing for gåande og syklande langs E136, hovudinnfartsåra til Ålesund.

Forbindelse for mjuke trafikkantar langs E136 mot Ålesund sentrum er alt i dag etterspurd. Å få på plass ein effektiv og miljøvenleg transportmåte for strekningen er viktig. Byggegrunnen der promenaden skal etablerast er forureina, relativt djup og krevjande med tanke på tryggleik og attraktivitet.

Nordplan foreslår ein flytande promenade, med mogelegheit for å knyte supplerande funksjonar til transportåra. Promenaden får romsleg gangsone og dobbelt sykkelfelt, samt møblerte områder for pause og opphald. Promenaden er bygd på standard flyteelement i kjente format.

Flytebrygga tilbyr ein unik kontakt med fjorden for dei som skal mellom byen og Volsdalsvågen. Den flytande gang- og sykkelvegen kan kople seg på andre element som treng nærkontakt med fjorden. Desse elementa kan vere båthamner, anlegg for sjøsport, bading og mykje anna. I denne løysinga har vi skissert båthamner og bad som aktuelle program.

Illustrasjonen syner fjordtorgetIllustrasjon: Tiltaket er tilpassa syklande og gåande, men også for hyggeleg opphald på land og i sjøIllustrasjonen syner det sentrale området langs sjøkanten i Ålesund som er omfatta av moglegheitsstudienIllustrasjon: I fjordbadet kan ein bade både i basseng og fjordIllustrasjon: Morgon ved fjordenIllustrasjon: Oversiktsplan Skisse båthamnTransportåra mellom Meierikaia og Volsdalsvågen er sett saman av flyteelement av betong i same breidde og høgd, men i tre ulike lengder.Skisse for fjordbadet

Tida vil syne kva etterspørsel og idear som kan realiserast langs strekket. Her er det råd å blande private og offentlege interesser og tilføre Ålesund by heilt nye tilbod. Når promenaden får kopla på nye tilbod vil ønskje om ein forbindelse på tvers av hovudvegen melde seg og ei gangbru kan då verte aktuell.

Fjordbadet er tenkt som eit offentleg ope anlegg med tilbod om opphald og aktivitet ved fjorden. Anlegget vert tilrettelagt for alle aldersgrupper og funksjonsnivå. Her kan ein bade i bassenga eller fjorden, ta sauna, sole seg eller ha piknik. Anlegget vert også eit sjøsportsenter, med naust for kajakk og oppbevaring av utstyr for kiting, surfing, padling og dykking. Ein fjernvarmekabel med overskotsvarme kan knyttast til bassenga og saunaen, og bidra med oppvarming av bassenga. Badetemperaturen vil på sumaren vere tiltalande uansett vær, og badesesongen vert utvida.

Byggherre: Ålesund kommune
Oppdrag: Moglegheitstudie, Parallelloppdrag
Fagområde: Arkitektur og landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 18166
Stad: Ålesund
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER