Strandpromenade Odda

Møtet mellom sentrum og fjorden er allereie opparbeida med plastring, kaiar, flytebrygger og murar, alt i ulik alder og kvalitet. Hovudutfordringa var å finne eit hovudgrep med gjennomgåande utrykk, samt å tilføre mogelegheiter for nye opplevingar.

Promenaden tilbyr gåande og syklande ei effektiv rute med lys og tilgjenge heile året. Det er mindre og større soner for opphald både i godt og dårleg ver. Uteservering, utrykkingsslippen og kyrkja sin akse er innarbeidd i utforminga. Der gåande lyt krysse biltrafikk er krysset oversiktleg og trygt.

Promenaden vert ein samanhengande forbindelse gjennom byen, betong-påstøyp og tredekker vert dei gjennomgåande materiala. Møblane og lyssettinga på Torget er gjentatt som fast utforming i heile forløpet. Ei stripe kvit granitt tråklar seg langs promenaden. Store grøne opphaldsareal og staudebed rammar inn og lagar mjuke soner som vert særleg viktige om sommaren.

Illustrasjon PlanSnitt Illustrasjon PlanSnitt
Byggherre: Odda kommune
Oppdrag: Forprosjekt
Fagområde: Arkitektur og landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 18210
Stad: Odda sentrum
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER