Sunnfjord Frisksenter

Naustdal kommune ønskjer å utvikle sentrumsområdet med utbygging på ei sentral tomt ved avkøyrsla til Naustdal sentrum – «Frisksentertomta». Kommunen ønskjer å bygge eit senter med helse- og omsorgsfunksjonar, bustadar og eventuelt andre service-funksjonar. Frisksenter-idèen har vore under arbeid i fleire år, der målet har vore å samlokalisere utvalde helsetenester for å skape synergieffektar og eit attraktivt helsetilbod og attraktive arbeidsplassar. Med si sentrale plassering i sentrum er det også eit mål at dette skal vere ein møteplass for innbyggjarane i Naustdal, med etablering av eit lite bytorg og eit parkmessig samspel med byggetrinn 2, som kan innehalde bustader og/eller kontor og næring.


TorgTakterrasseIdédugnadWorkshopFugleperspektiv

Oppgåva var delt i ein konseptfase, reguleringsfase og forprosjekt. I konseptfasen vart det gjennomført workshop med idédugnad og modellbygging, for å drøfte ønska aktivitet, kvalitetar på tomta og aktuelle utbyggingsmønster. Valt konseptløysing vart presentert i 3D-modell og gav grunnlag for reguleringsarbeidet.

Sunnfjord Frisksenter omfattar nybygg i 4 etasjar med kontor/forretning og omsorgsbustader. Plan 0 inneheld parkeringskjellar, tekniske rom og boder. Bustadane er planlagt i øverste etasje med felles aktivitetsrom og stor felles takterrasse.

Byggherre: Naustdal Kommune
Oppdrag: Konseptfase, detaljregulering, forprosjekt med totalentreprisebeskrivelse
Fagområde: Arkitektur, landskapsarkitektur, plan
Prosjektnr.: 15222
Stad: Naustdal
Areal: 4200 m2 BTA
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER