Sunnfjord Frisksenter - byggetrinn 2
Ein god plass å bu!
Ein god plass å bu!
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALNaustdal kommune ønskjer å utvikle sentrumsområdet med utbygging på ei sentral tomt ved avkøyrsla til Naustdal sentrum – «Frisksentertomta». Kommunen ønskjer å bygge eit senter med helse- og omsorgsfunksjonar, bustadar og eventuelt andre service-funksjonar. Det er utarbeida Forprosjekt for Sunnfjord Frisksenter som er byggetrinn 1 på tomta. Dette bygget inneheld helse- og omsorgsfunksjonar med både privat og offentleg helsetilbod. Det er også planlagt 10 omsorgsbustader i 3.etasje.
Skisseprosjektet for byggetrinn 2 omfattar 16 bustader av ulik storleik, m.a. fleire bustader tilpassa krav til omsorgsbustad. Det er og skissert eit mindre næringsareal på plan 1. Bustadane vender seg mot eit indre felles parkområde, som igjen er knytt saman med tilkomst til Frisksenteret. Det er lagt vekt på gode, gjennomlyste husvære, og orientering som tek omsyn til romlege kvalitetar, utsikt og støysone mot hovudveg. Utomhusarealet nyanserer mellom offentleg, halvprivat og private soner.