Sunnmøre sonings- og kompetansesenter - Digernes

Reguleringsplanen legg til rette for byggeareal for Sunnmøre soningssenter i nord, og kombinerte byggeformål kontor/næring/plasskrevjande varer i randsona mot hovudvegen E39 i sør. Soningssenteret kan byggast ut i fleire byggetrinn, og det er tatt omsyn til god tilgjenge for tilsette og besøkande, og forsvarleg plassering med omsyn til tryggleik.

Terrenget i området er kupert, og det er lagt opp til å ta vare på dei største høgdedraga som friområde, både med tanke på landskapsverknad og landskapsmiljøet. Friområde skal fungere både som buffersone og vegetasjonsskjerm for næringsområdet, og vere del av sikringssona for soningssenteret.

Vegsystemet blir tilpassa dei nye funksjonane i området. Det er planlagt trygge system for mjuke trafikantar, med planfri kryssing av fv 661, gang- og sykkelveg. Fortau gjennom næringsområdet blir ein del av framtidig hovudsykkelnett mellom Ålesund og Skodje. Kryssområdet fv 661 og fv 110 blir oppgradert, og fv 110 utvida med to køyrefelt.

Videoen under syner planlagt situasjon. 

Illustrasjon mot vestIllustrasjon oversiktsbildeIllustrasjon mot austIllustrasjon mot nord-austIllustrasjon mot sør vestIllustrasjon mot vestIllustrasjon mot vest
Byggherre: Skodje næringspark AS
Oppdrag: Detaljreguleringsplan
Fagområde: Arealplanlegging, vegplanlegging og landskapsvurderinger
Prosjektnr.: 15270
Stad: Digerneset, Skodje kommune
Areal: 270 daa
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER