Svelgen Omsorgssenter
Ein god stad å eldast!
Ein god stad å eldast!
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALSvelgen Omsorgssenter er eit av dei største byggeprosjekta i Bremanger kommune på mange år og er eit viktig utviklingsprosjekt i kommunesenteret. Omsorgssenteret har fått ei sentrumsnær tomt i sjøkanten, med stadion som næraste nabo mot sør. Det er etablert ei ny offentleg strandpromenade langs sjøen, som bind området saman med hovudtorget i sentrum og vidare mot bustadområda i vest.
Svelgen Omsorgssenter er eit nybygg i 3 etasjar og inneheld 48 bueiningar, inkludert fellesfunksjonar, administrasjon, base for heimesjukepleien og felles driftsfunksjonar, bl.a. storkjøkken. Av dei 48 bueiningane er det 8 omsorgsbustader. Bustadane er delt i 5 avdelingar og har felles stove og kjøkken. Det er etablert fleire små terrasser og ei stor takterrasse. På bakkeplan er det etablert ein innhaldsrik sansehage med gangvegar, pergola og vannspeil. Aktivitetsrom og uteområdet er flittig brukt både av personale og dei pårørande, som lett kan ta seg ein tur i hage eller strandpromenade.
Nordplan AS har vore leverandør til totalentreprenør Åsen & Øvrelid i detalj- og byggefase.