Tenden-Energiledelse
Thor Tenden Transport AS er ei tradisjonsrik bedrift med drift i over 70 år. Dei reine blå bilane legg ein lett merke til i virkeområdet Stryn- Austlandet/Bergen/Trøndelag/Nordfjord. Samarbeidet med TTT AS blei ein milepæl for Enøk-senteret, då det var den første transportbedrifta vi hadde som kunde.
Samarbeidet bekrefta at utfordringa med energi, er lik i denne bransjen som i anna industri og eigedom. Kjennskap og riktig bruk av ny teknologi, oversikt av forbruk og bevisstgjering av egen adferd er dei lavthengande frukter. Enøk-senteret har følgt opp innføring av energiledelse i bedrifta, gjennomført analyse og rådgivar innan EOS. Thor Tenden Transport AS , blei ein av dei første til å innføre energiledelse for landstransport i Norge. I prosessen kom også interessa for fornybar energi inn, og blei ein av dei første til å bestille ein hydrogendriven Nicola One. Bedrifta vurderer også batterielektriske løysingar.