Tilbygg og ombygging våningshus
Ombygging, restaurering og tilbygg av eksisterande våningshus på eit sjønært småbruk langs Nordfjorden. Ønskje frå byggherre om ei utviding som gav alt på eit plan og lune uteplassar.
Ombygging, restaurering og tilbygg av eksisterande våningshus på eit sjønært småbruk langs Nordfjorden. Ønskje frå byggherre om ei utviding som gav alt på eit plan og lune uteplassar.
Lars Etterdal
Fagansvarleg BrannEit 100 år gamalt lafta trehus vart delvis ombygd og delvis ført tilbake til original stand. Det er etablert ny romsleg trapp opp til loftet med 3 soverom med sengeplass til 4 i kvart rom.
I bakkant av det opphavlege bygget er det bygd tilbygg med same møneretning og vinkel som eksisterande bygg. Tilbygget er strekt aust-vest for å nå tak i utsikt og for å fungere som overdekking og skjerming for uteplassar. Det er nesten 5 meter under taket i tilbygget.
I prosjektet er det valt detaljering som framhevar kva som er nytt og kva som er gamalt, samtidig som det skal vere ein heilskap. Tilbygget har bleika bjørkefiner innvendig og gjerda melsomspiler i Kebony utvendig. Laftekassen har enkeltfalskledning i Kebony. Hjørnet i laftekassen mot sørvest vart skore ut for maksimal utsikt og lys.
Arbeidet med bustaden er utført av UNU.