![_VB06871 (1).jpg](/prod_images/doc_404_2.jpg?width=1000)
Tomannsbustad Ekeberg
Totalrenovering, tilbygg og fasadeendring av halvpart tomannsbustad på Ekeberg.
Totalrenovering, tilbygg og fasadeendring av halvpart tomannsbustad på Ekeberg.
Live Melhus
Sivilarkitekt MNALBebuarane i denne tomannsbustaden på Ekeberg hadde behov for meir plass, og ønskte seg i tillegg eit kjøken-/stoveareal med høg, estetisk kvalitet.
Tilbygget inneheld bad og soverom i kjellaren, stove i 1. etasje og mesanin med heimekontor i 2. etasje. I tillegg er eksisterande delar av bustaden totalt ombygd med ny planløysing og oppgradering av alle flater.
Strenge estetiske krav frå Oslo Kommune gjorde at fasadane i stor grad måtte tilpassast eksisterande arkitektur, som er prega av enkel byggeskikk frå etterkrigstida. Store vindauge både mot hage og i taket bidreg saman med ekstra takhøgde likevel til at tilbygget har ein romfølelse en kanskje ikkje forventar i ein bustad av denne type og storleik.
I skisse- og søknadsfase var Nordplan engasjerte direkte av byggherre, medan vi i detalj- og byggefase hadde hovudentreprenør Vågå Bygg AS som oppdragsgjevar.
RELATERTE PROSJEKTER
![Den nye fasaden i 1. etasje.jpg](/prod_images/doc_99_4.jpg?width=770)
Norsk Fjellsenter
![1_DSC4638-a-r, må ha med.jpg](/prod_images/doc_126_4.jpg?width=770)