Trehytter Odda - Woodnest
I den bratte fjellsida nord-vest for Odda sentrum med utsikt over Hardangerfjorden, er der bygt 2 tretopphytter for utleige. Hyttene, som er bygt 5-6 m over bakken, er konstruert omkring kun ein grantre stamme som «lever sitt liv» nesten uforstyrra rett gjennom hytta.

Oddvin Myklebust
Ingeniør, Bygg og konstruksjonOppdraget frå arkitektkontoret Helen & Hard, var å konstruere ei hytte med golvflate på ca 15m2 omkring kun ein trestamme. Dette var svært komplisert då stammen i begge hyttene, har diameter under 30 cm ca. 1m over bakken, og ville knekke i vinden om vi heldt treet fast ved golvnivå ca 5-6 m over bakken. Ei anna utfordring var å finne ei løysing slik at treet kunne halde fram med å vekse i minst 25 til 30 år til. Det var viktig at treet fekk halde fram med å bevege seg for å bli sterkare, og at transport av sevje ikkje vart hindra. Løysinga vart å nytte eit stålrør som går tvers gjennom hytta utanpå trestammen. Stålrøret har ein diameter på 50 cm (som tilsvarar ca 30 år forventa vokst av treet). Dette vart delt i to og skrudd saman utanpå stammen. Røret har 2 festepunkt til treet i nedre del, og er soleis ein «utkragar» vidare oppover. Dei avstivande bardunane, gangbrua og øvrig konstruksjon av hytta er då festa til stålrøret. Ein opererar med to typar bardunering; sommar- 2 bardunar og vinter – 5 bardunar.