Trivselshagen

Trivselshagen er eit kombinert skule, kultur- og idrettsbygg på Sandane. Bygget er eit samarbeidsprosjekt mellom Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, og er lokale for Firda VGS, Gloppen kulturskole, Gloppen kino og Gloppen folkebibliotek.

«Trivselshagen Bad og Idrett» er ein utvida del av den tidlegare Firdahallen. I tillegg til denne er det bygt spesialhall for turn, badeanlegg med stupetårn og velværebasseng, treningssenter og ny storhall, «Trivselshallen». Sistnemnde inneheld klatrevegg, friidrettsbane, kastanlegg og ei aktivitetsflate der ein kan utøve idrettar som handball, fotball, volleyball, basketball, tennis og badminton.

Klatrevegg i bruk under Norgescup 2015. Kilde: Trivselshagen.noSvømmebassengBølga fasadeIdrettshallEksteriørKlatreveggHovedinngangBoblebadGlasgangSvømmebasseng frå stupetårnKlatrevegg. Kilde: Trivselshagen.no

Nordplan AS har hatt prosjekteringsleiing, BIM samt prosjekteringsansvar for arkitektur, landskapsarkitektur, brann- og byggeteknikk for Trivselshagen IKS i samband med rehabilitering av Firdahallen og gjennomføring av nybygg.

Badeanlegget opna i august 2012 og hadde 60 000 besøkande i sitt første heile driftsår. 16. januar 2014 var det offisiell opning av heile det ferdige anlegget.

Byggherre: Trivselshagen IKS
Oppdrag: Prosjektering, rådgjeving, prosjekteringsleiing og BIM i alle fasar
Fagområde: Arkitektur, byggeteknikk, landskapsarkitektur, brannteknikk, prosjekteringsleiing, BIM
Prosjektnr.: 11147
Stad: Sandane
Areal: Rehabilitering 1100 m2 BTA - Nybygg (symjehall, treningssenter, turnhall, undervisning) 2000 m2 BTA - Nybygg (trivselshall) 4500 m2 BTA
År: 2014

RELATERTE PROSJEKTER