Vassenden Skule

Jølster kommune ønskjer å planleggje ei heilskapeleg utbygging av Vassenden barne- og ungdomsskule, enten med utviding for samla 1.-10. trinn som i dag eller deling med ungdomsskulen plassert på tidlegare Mo og Jølster vidaregåande skule.

Nordplan har blitt engasjert for programmeringsarbeid og skisseprosjekt for dei to alternativa. I tillegg til skule er det utgreidd bygg for idrett, med forslag om ein ny fleirbrukshall i tilknyting til skulen. Det er vurdert omlegging av dei trafikale forholda og ei total oppgradering av skulen sitt leike- og aktivitetsområde. Det er óg skissert plassering av ei ny fotballbane, løpebane for friidrett og nye gangsamband mot vest. Det er utarbeida kalkyler for dei ulike alternativa. Nordplan har også oppdrag med å utarbeide ny reguleringsplan for Vassenden sør.

Overordna organiseringVassenden skuleSkulekjøkkenFrå skulegården
Byggherre: Jølster kommune
Oppdrag: Skisseprosjekt og reguleringsplan
Fagområde: Arkitektur, landskapsarkitektur, regulering
Prosjektnr.: 16031
Stad: Vassenden i Jølster
Areal: Nybygg 600 m2 - Ombygging 1500 m2 - Idrettshall 2900 m2 - Utomhusareal 1900 m2
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER