Nordplan vil i medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varsle oppstart av reguleringsplanarbeid for Slåtten barnehage og bustad.
Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av barnehage i tilknytning til Slåtten skule, samt bustadar som ei utviding av eksisterande bustadområde på Slåttebøen. Trafikkarealet til Slåtten skule er ein del av planområdet for å sikre god trafikkavvikling for skulen og ny barnehage. Planen skal også legge til rette for nødvendig infrastruktur og felles uteområde med leikeplass.
Frist for innspel er sett til torsdag 16. mai 2024.
Kunngjeringar
Slåtten barnehage og bustad
Oppstart detaljregulering Sandeåsen 2
I medhald av pbl. § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for Sandeåsen 2 i Loen i Stryn kommune. Planen vil utarbeidast som ein detaljreguleringsplan, jf. pbl § 12-3.
Sandeåsen feriesenter as ynskjer å regulere deler av sine eigedommar som ikkje er omfatta av gjeldande reguleringsplan "Sandeåsen" (planID: 2021001). Planen har som mål å utvide areal tilknytt feriesenteret, for å sikre formål knytt til camping, herunder areal for renovasjon og tømmestasjon for bubil, parkering og tilkomst, eksisterande bustadformål og eventuelt fritidsbustadformål. Forslag til planavgrensing inkluderer deler av gjeldande reguleringsplan for å sikre eit samanhengande planområde.
Varsel om oppstart av planarbeid.